THOUSANDS OF FREE BLOGGER TEMPLATES

lørdag, april 15, 2006

Visum!!


Ganske lei...og her e berre noken av arkene me maatte fylla ut!


Å skaffa seg visum skulle jo ikkje i utgangspunktet vera so vanskelig…men dersom du befinne deg i Kenya so e da ein omstendig prosess. Tirsdag 4 april klokko 12 satt me på immigrasjonskontoret…klare til å igjen bli lovlige innbyggere i Kenya. Planen va å møta Sarah ( assisterande manager på St.Johns) der klokko 12. Men african time e jo som kjent eit faktum…so klokko va 01 pm før ho kom. Då blei ho ikkje sluppet inn i bygget, for då skulle dei stenga for lunsj. Men itte litt masing slapp ho te slutt inn…me sprang te kasse 6 for å få arket som me sku fylla ut. Den sure damo i kassen sa at me skulle gå inn på rom 14 når me hadde fylt da ut. På rom 14 fekk me fortalt at da va feil skjema+ at me måtte ha eit skjema te. Og so måtte me ha to passbilde..noko me ikkje hadde med oss. Men no måtte me ut av bygget for folket skulle på lunsj. So me fekk beskjed om å komma tebake kl 2 pm..og denne gongen med bilde. Sarah reiste tebake på jobb, og me gjekk te nærmaste fotobutikk og fekk tatt bilde før me åt lunsj på Java House. Eg åt oste pai…noko som ikkje va so lurt. Resten av dagen va eg kvalm og hadde masse luft i magen. Og da e ikkje da kjekkaste når du skal tilbringa mange tima i kø!! Tebake på immigrasjonskontoret itte lunsj stilte me oss nok ein gong i kø…og køane her va lange, ting går ikkje so fort for seg her i landet. Tilbake i kasse 6 viste me lappen fra damo på rom 14, og me fekk tildelt ark som me nok ein gong fyllte ut. So va da nok ein kø på rom 14, der me når me endelig kom fram fekk veta at me mangla endo eit ark. Tebake i kasse 6 for å stå i kø, og når me kom fram sa ho at da va vår skyld…noko som berre va tull. Men me beit da i oss og gjekk for å fyll aut ark tre. Tebake på rom 14 tok ho arkene fra oss i noken minutta såg på dei, skreiv noko og gav dei tebake. So fekk me beskjed om å gå tebake i kasse 6. Itte nok ein kø tok den sure damo frå oss eit ark, me måtte betala 200 shilling og gå te kasse 4. Der leverte me da andra arket og betalte 2000 shilling. So fekk me beskjed om å gå te kasse 1 og 2 og lever eit ark + bilder. So va da i kasse 7 for å stempla passet. ( og glem no ikkje at i alle desse kassane e da kø!!). So va da tebake i kasse 2 for å få kvittering. No trudde du kanskje at me va ferdige for dagen…men nei. No fekk me beskjed om å setta oss ned og venta te me blei ropt opp. Me blei ropt opp og gjekk i kasse 2 for å skriva under på noko. So va da å setta seg å venta igjen. Me blei ropt opp igjen..denne gongen for å få tebake. So va da venting nok ein gong. So blei me ropt opp mange i forskjellige pulje, me blei ført inn på ein ny plass der me satt oss for å venta. So blei me sopt opp ein og ein og kom inn på eit rom der dei skulle ha fingeravtrykk. Men ikkje berre av ein finger. Her va da alle fingrane på begge hendene + håndflatene. Interessant!! Itte dette va me utrulig nok ferdige…og då va klokko allerede halv fem. Ting tar tid!!!

0 kommentarer: