THOUSANDS OF FREE BLOGGER TEMPLATES

onsdag, april 26, 2006

Då va da litt oppsummering igjen!

Familien te Loise ++
Bursdagsbarnet og Randi


Har liksom ikkje so masse tid te å skriva blogg og mail for tiden. So te alle som føle seg snytt for ein mail so må eg berre beklaga. Men føle allerede at tiden begynne å renna ut, so eg nytte kvar einaste stund eg har her i landet te å jobba med ungane elle vera med alle dei kjekke folkene her. Og eg nyte kvart einaste sekund. Trur virkelig eg begynne å bli forelska i Kenya. Hadde aldri trudd at eg skulle blli afrika frelst…men eit halvt år i Kenya har forandra på da. Og da e garantert ikkje siste gong eg reise herte, om da ikkje blir lika lenge neste gong so ska eg tebake! Og da e berre te å henga seg på for alle som vil oppleva eit flott land med flotte menneske.

So då va da sagt, og som de sikkert skjønne so har eg da fremdeles fantastisk bra her…og kan ikkje sei at eg lengte heim. So dersom Tormod hadde vore her so hadde eg ikkje trengt å reisa heim med da fysta. Men no konsentrere eg med berre om å nyta den tiden eg har igjen her. Da e berre kjempetravelt på jobb, og eg får meir ansvar for kvar dag som går. I ein tidligare blogg uttalte eg meg om min frustrasjon øve manglande pedagogikk blant dei som e med og lede Facinating Youth, og eg klarte ikkje å la vera å sei noko. Men kritikk e jo ikkje noko vanlig fenomen her i Kenya, og eg hadde fått beskjed av Sally om å ikkje ta opp slike ting. Da skulle eg heller komma å sei te ho, so skulle ho ta da opp. Da gjorde eg, og Sally hadde tenkt te å ta da opp. Men på sist veiledning sa ho at fra no av va alt som har med FY å gjera mitt ansvar, so då vil da og bli mitt ansvar å ta opp det med pedagogikken, og at da viktigste i FY e å øka sjølvtilliten te barna..ikkje å få eit bra produkt. So no må eg ha eit møte med dei andre der eg tar opp akkurat detta…på engelsk. Kan ikkje sei at eg glede meg…men da e jo noko som må gjerast for ungane sin skyld. So de skal få ein rapport seinare på kossen da går. Ellers so e da eg og Anita som ska leda coffe bar denna veko..og me ska ha quiz..noko eg trur blir veldig bra. Da e litt artig at sånne ting som me tenke på som ein ganske vanlig ting heima blir tatt i mot som eit revolusjonerande forslag her nede. So Sally va jo øvebegeistra når me kom med detta forslaget. Og me syns jo berre da e kjekt. På lørdag arrangere Anita og eg get together for ein del av skills training studentane som går på college med støtte fra St.Johns. Då ska me møtast i ein park her i Nairobi og ha diskusjona med små gruppe der dei skal snakka om og diskutera utdanning og arbeid, og kossen St.Johns si rolle i dette er, og ka me kan gjera annerledes. Og itte på ska me berre spela fotball, volleyball og kosa oss. Trur at da blir kjempearti, og so e da kjekt å arrangera ting utenfor senteret.

Har jo glømt å fortella om den styste happeningen siden sist. Me arrangerte tur for ungane i FY. Og me va te Mamba village (krokodillepark), og Bomas of Kenya (tradisjonelle dans og musikk). Og da va berre ein kjempesuksess, sett bort i fra at berre halvparten møtte opp. Men da hadde me venta oss på forhånd i og med at da e ferie her no, og ikkje alle foreldre vil at ungane ska vera med på sånt (ikkje skjønne eg koffor). Men me reiste med 20 ungane som møtte opp, og dei hadde da kjempe bra. Og da va spesielt å sjå kossen noken av dei nesten aldri har vært utenfor Pumwani. Noken av ungane spurte dagen itte på om me hadde vore te verdens ende, for dei hadde aldri vore so langt vekke frå Pumwani før. Og dette e ca 20 min å kjøra fra senteret. Da va veldig kjekt å sjå kor masse dei satt pris på da, men samtidig trist å sjå at dei må komma te senteret for å oppleva noko utenom slummen. Ein anna gut sa at han va so glad fordi faren hans hadde ein gong lovd han å ta han med i båt, men no sleppe han å bruka penga på da fordi han fekk gjera da i Mamba village. Da ska so lite som ein fem minutters rotur i ein liten dam for å gje dei eit minne for livet. Da e ganske sterkt å oppleva takknemligheten, og kor stort inntrykk da e for dei. Og når me åt lunsj so va da ingen ting som gjekk te spille..da dei ikkje klarte å eta opp pakka dei inn i eit papir og tok med. Og da va ikkje ein sjel som klaga øve at dei ikkje likte maten. So da e litt forskjellig fra å ta med seg ein 2 klasse fra ein ka som helst norsk skule trur eg. Da va rett og slett ein veldig bra dag, som gjorde ein stor forskjell i 20 unge liv i Pumwani slummen.

På fredag va Randi, Carol og eg ute med Sakaria og Vincent på K1. Da va virkelig vondt å sjå kor sliten og triste dei var. Trur eg har skrevet da tidligare at dei har mista ein av dei beste kompisane sine. Han døde for snart to veke sio. Og sist veka va dei i Kisii der dei kjem frå for å forbereda begravelsen. Då har dei bygga hus te kona hans, og skaffa penga te å kjøpa noken kyr te ho so ho skal ha noko å leva av. Og om natten tenne dei opp store bål og har sørge dansa. Og slik sørge dei sammen. So når me møtte dei hadde dei omtrent ikkje sove på 5-6 daga, og såg heilt kjørt ut. Og i tilegg hadde dei jo tygga mira ( som ikkje mange ser på som eit problem her ) for å holda seg våken. Mira e eit narkotisk stoff som dei tygge. Virkningen e at dei blir veldig våken, og ved langvarig bruk kan da gå utøve fordøyelsessytemet. Og når dei bruke dette føle dei ikkje at kroppen trenge søvn og kvile. Me sa jo ka me meine om mira, og dei sa at dei ikkje skulle gjera da meir…men da spørs jo kor masse vår meining har å sei for dei. Men dei satt ivertfall pris på å vera med oss ein kveld, og eg håpe at dei kanskje fekk noko anna å tenka på for ein liten stund. Og når me reiste heim sånn i halv tre tie kjørte me dei heim te Mathare der dei bur. Og dei va berre kjempe takknemlige, og takka oss mange gonga ittepå.

Lørdag morning sleit eg litt med å stå opp klokko halv ni..men når eg tenkte på ka eg skulle so va da ikkje so vanskelig likavel. Anita og eg tok matato te Pumwani, og va fremme på St Johns ein halv time for seint..men alikavel lenge før dei fleste andre. Me stod lenge å venta på at da sku komma meir folk. Og Frances samla inn penga som me og ungdommane frå coffe bar hadde tatt med, og sendte noken for å kjøpa mat og kle til ungane på barneheimen me skulle besøka. Da e coffe baren som har arrangert denne turen, for å støtta noken som har da endo verre enn dei sjølv. Itte møkje om og men, og noken tima med venting kapra me endelig ein matato, og kjørte te ”The good samaritan childrens home” i Mathare slummen. Og denne slummen e berre møkje verre enn Pumwani. Pumwani e på ein måte ein fin slum..viss da e mulig å sei da. På barneheimen blei me tatt i mot med åpne arma, og eg fekk fort ei lita jenta på fanget. Ho va so utrykksløs og hadde nesten ingen mimikk i fjeset. Og i bynelsen va ho kjempeskeptisk (forståelig nok), og berre satt heilt apatisk på fanget samma ka eg gjorde. Men når eg itte to tima skulle setta ho frå meg so ville ho ikkje sleppa taket, og eg syns da va vondt å måtte gå frå ho. Ken veit om ho noken gong før har fått sitta so lenge på eit fang og berre bli dulla med. Da kan jo umulig være lett å gje alle oppmerksomhet på ein barneheim med mange, mange unga, og berre noken få ansatte. Da va 60 unga som delte noken få senge, i eit rom. Da skulle ikkje vera mulig ein gong. Men samma kor lite dei har so va dei kjempe takknemlige for at me kom, og dei hadde eit kult show for oss. Da va noken ungdomsjente som dansa for oss. Og ittepå va da ein gjeng med guta frå barneheimen i 20 årene som hadde akrobatikk show…og dei va kjempeflinke. (Berre sjå på bildene:). So da va ein givande dag, og ikkje nok med at da va spesielt å besøka barneheimen..men eg fekk snakka masse med ungdommane frå Pumwani i tilegg. Og ein av dei som jobbe på YMCA sang ”Påan igjen” av Jan Eggum for meg på ekte bergensk. Va noko han hadde lært av noken nordmenn som hadde vore på besøk te YMCA. Hadde rett og slett ein kjempe bra dag, og lo masse. Og eg glede meg te me ska på fire dagers tur te Naivasha sammen med ungdommen fra coffe bar..trur da blir konge tur:)

Søndagen reiste me te St.Johns kyrkjo om morningen..da va kjekt å møta folk, men gudstjenesten va nedtur. Da va rett og slett kjedelig, og eg kjem nok ikkje te å gå der igjen. Neste gong vil eg prøva ut ungdomsgudstjensten i baptist kyrkjo ikkje so langt herfrå. Itte kyrkjo tok Randi og eg matato tebake te Yaya, der me handla litt på markedet og prata med Sakaria, som va litt meir utkvilt, men fremdeles lika trist. Håpe at da blir ein fin begravelse, som ska vera denne veko. Itte markedet reiste me te Loise (veilederen te Randi) for å feira 24 års dagen hennas. Da va ikkje som ka som helst 24 årsdag i norge, men veldig kosli. Me åt litt, og so leikte me masse leika fram te me skulle gå. Og so fekk me helsa på resten av familien, inkludert den kjempesøte bestefaren. Og når me gjekk fekk me med oss mjelk rett frå kuen som stod utenfor..til Randis store glede:)

Mandagen va eg te skulen te ei av elevane mine sammen med Frances for å ordna opp i noko penge problema, ho va blitt kasta ut av skulen fordi ho ikkje hadde betalt. Og då fekk me veta at dei plutselig hadde økt skulepengane..noko dei vistnok kan gjera når dei føle for da. Om ittemiddagen hadde me office meeting med norsk mjelkesjokolade som anita hadde fått i posten. Da e so kult når me samlast sånn på kontoret, for da e so kule folk me jobbe med. Konge kontor:) I dag (tirsdag) har eg endelig gjort meg heilt ferdig med Id kortene, og dei blei ganske so bra..men da va litt av ein prosess. Og so har da vore avskjeds selskap for Jackie og Dan, som e eit eldre ektepar fra england som har vore her i ein mnd, og fått gjort masse bra berre på den korte tiden. Bra folk!

Og resten av veko e jo stappa full allerede. I måro e da fullt kjør på jobb, og i måro ska me vera igjen litt ittepå..koffor skal de få sjå siden. På torsdagen e da quiz, so då e me sikkert ikkje heima før i 7 tiden. Fredag skal eg på salsa, og so ska Anita og eg ned te byn og kjøpa stoff for å sy kjole. Om kvelden ska me ut med Sakaria og Vincent, og kanskje transform team. Om laurdagen e da get together for studentane, og om kvelden ska me kanskje ut med Rosslyn som e ei kul jenta me har blitt kjent med gjennom Java House. Og søndagen e da kanskje ungdomsgudstjeneste, og so ska eg markedet og kjøpa smykke og kurva som eg har spesial bestilt. Da e fordelen med å vera her so lenge, kan bestilla smykke og sånn akkurat som eg vil ha da:) Mandagen e da nasjonal fridag..so då blir da kanskje litt avslapping…kanskje:)

Da tar vel noken daga før eg kjem meg på nett og får lagt ut alt detta. Og frem te då har da sikkert skjedd masse nytt…men de får heller få da litt på itteskudd. No ska eg legga meg…og da blir vel som vanlig te at eg og randi ligge og prate te langt på natt..men da e jo berre koslig:) Har forresten glømt å fortella om kossen da e å dela seng med Randi itte Lars reiste heim..men da ska eg skriva i neste blogg. Og legga ut rekonstruert bilde:)
De kan gleda deko:)

0 kommentarer: