THOUSANDS OF FREE BLOGGER TEMPLATES

lørdag, april 15, 2006

Paaskeferie


Me venter paa brudeparet



På Onsdag fekk Randi besøk av sin kjære Lars, so no e ho usannsynlig blid om morningane…nesten litt irriterande blid:) Men da e veldig kosli…og da e kjekt å sjå at Randi har da so bra, veit at ho har savna han noko voldsomt!! På fredag, for å feira starten på påskeferien, og innlevering av oppgave so reiste me på K1 på Westlands for å spela biljard sammen med Sakaria og Vincent. Detta va ein kongekul plass med masse variert og bra musikk, og ikkje for turist eller rikmannsplass. Da merka me jo og fort når dei prøvde å lura Anita ved å ikkje gje tebake riktig beløp på drinkane våre. Men heldigvis hadde me Caro med oss, og ho ordne alltid opp og passe på oss. Oppe va da 6 biljardbord, og me okkuperte eit av dei stort sett heile kvelden. Va veldig kosli..sjølv om eg må innrømma at biljard ikkje e min sterke side. Men kjekt e da uansett, og da va godt å komma seg utenfor Black Rose og Pumwani! Sånn i to tre tie trur eg me va heima.

På lørdagen va da bryllup te Nguli (ein som jobbe på kontoret med Anita og meg), og hans kjære. Bryllupet skulle begynna klokko 12, og når me va dar klokko halv to va me redd for at dei kanskje hadde begynt. Men nei…klokko va halv fira før me satt på kyrkje benkane. Grunnen til at dei va so voldsomt forsinka va at bilen med forloveren og brudepikene hadde kjørt på ein fotgjengar og måtte kjøra han te sjukehuset. Kanskje ikkje den beste starten på ekteskapet. Men da gjekk heldigvis bra med mannen. Vielsen varte og rakk, og klokko va vel halv seks før me va ferdige. Då va da selfølgelig enso litt venting før me kom oss av gårde te plassen der vielsen skulle vera. Der fekk me mat med ein gong, sjølv om brudeparet ikkje va komt. E visst sånn da fungere her. Elisabeth skulle henta foreldrene sine på flyplassen halv åtta, og allerede før me gjekk so begynnte me å gå. Dessverre so kjørte me forbi brudeparet akkurat i da me reiste og fekk ikkje gratulert dei…me syns jo da va veldig trist. Men eg har skjønt at dersom folk for mat her, so e da ikkje so nøye om dei ikkje får treffa brudeparet..so me va vel ikkje dei einaste. Men da va ein hyggelig dag, og me fekk prata med mange folk fra senteret utenom jobben, og da e jo trivelig.

Søndag va da opp klokko sju for å reisa på Road trip. Charles va jo selfølgelig forsinka, so me kunne ha sove ein time lenger…men ka anna e nytt? Før me kom oss ut av Nairobi so hadde me ein liten search itte John sjåføren vår som av ein mystisk grunn ikkje har henta oss dei siste dagane. Noko me syns va veldig rart, fordi han e so pålitelig alltid. Me kjørte te hotellet som e basen hans, og spurte alle me kom øve. Men ingen visste ken han va. Seinare på turen fekk me veta av Elisabeth som hadde fått tak i han at han hadde vore ute på byn sammen med noken venna på torsdags kveld. Då va da noken som hadde dopa han og vennane hans og stjålet alle pengane deirans og telefonane. Han hadde blitt so sterkt dopa at han hadde ikkje våkna før på søndagen…for eit land!! Men da va ivertfall godt at han ikkje blei skada.

Itte sightseeingen i Nairobi satte me turen mot Mt. Kenya. På veien va me innom ein foss og spiste lunsj på ein meget lokal plass i Nanyuki. Va arti, men trur ikkje da blir eit stamsted. Itte ein halvtimes kjøring innøve i bushen kom me te slutt fram te den plassen me sku bu i Mt. Kenya; Castle Forest Lodge. Og da levde virkelig opp te navnet sitt…va utruli fint, og du følte da som om da va i Heidi filmen. Plassen blei drevet av ei hollandsk dama, som hadde noken kjempefina hunda. Da va kjempe god mat, og frisk luft. Og om morningen når eg kikka ut vinduet såg ein mørk mann som satt og mjelka kyrne, med Mt. Kenya i bakgrunnen..va spesielt. Hadde nesten ikkje lyst å reisa derfra. Om kvelden itte middagen satt me og tok eit glass vin forann peisen..ja da e virkelig so kosli som da høres ut som!! Og mens dei andre tok kvelden so satt Anita og eg igjen og prata med sjåføren vår Jimmy, som e ein eldre mann og i tillegg te å vera sjåfør har ein gård oppi fjelle ikkje so langt frå Nairobi. Han fortalte oss masse om Kenya, kultur og kossen forskjellige stedsnavn har oppstått. Da va virkelig kjekt, og må diskuterte og meir seriøse tema som for eksempel religion i forhold te kultur. Da va som å sitta å snakka med ein bestefar, og da va deilig å kunne føra ein seriøs samtale med ein mannlig kenyaner uten å vera redd for å bli sjekka opp, elle redd for å sei noko feil. Da va rett og slett ein veldig koslig kveld!!

Mandagen reiste me te Shaba, som e rett ved samburu district ( og ikkje langt frå Marsabit der flyet med mange av regjeringsmedlemmene styrta samme dagen). Me blei innlosjert o gåt lunsj på ein luksus plass som heite shaba sarova. Me har jo absolutt ikkje betalt nok for å bu på desse plassane, men Charles ser på oss som ein investering, og dersom me e fornøgde so vil me annbefala han vidare te andre nordmenn (noko me absolutt vil). Itte kjempegod lunsj fekk me akkurat tid te ein kort tur i bassenget, før me skulle ut på gamedrive i samburu national park. Akkurta den kunne eg vel klart med uten…har liksom sett da mesta i Masai Mara + at da nesten ikkje va noko dyr der fordi alle flykte opp i fjellene når regnet kjem for å ikkje få ein munn og klov syke som kjem med regnet. Men da va jo fin natur, og me fekk sjå noken impala som berre fins i nord Kenya. Tebake på hotellet måtte me snakka med Charles og fortella at me ikkje fekk tak i dei me skulle bu hos i Kapungoria. Detta va ikkje noko problem, og me bestemte oss for å reisa te Nakuru og Baringo istadenfor. På kvelden va da kjempe god middags buffet, og itte maten kom mangaren, som Charles selfølgelig kjenne, og han ville spanders drink på oss. So itte maten spelte me biljard og dart te klokko nærma seg tolv, og me va klare for senge.

Tirsdag satte me oss i bilen og va klar for ein kort tur te Nakuru…men nei. Den va lenger enn me trudde, og me va ikkje fremme før nærmare fem om itte middagen. Kenyanere ete som regel ikkje noko anna enn frukost og middag…so me va ganske so hulsvoltne itte 8 tima uten mat. Planen va egentlig å reisa og sjå lake Bagoria samme dagen…men da va verken me elle sjåføren vår klar for. Og for dei som sammenligne 8 timers reisa med oslo- trondheim..so e da heilt feil. Detta e åtta tima på meget dårlige veie…kan sammenlignast med traktorveia. So du e ganske sliten i ryggen itte so mange tima med humping. So me avtalte å sjå laken dagen ittepå, og itte ein sein lusj gjekk me ut i Nakuru town og hamstra godteri og kjeks som nødproviant til dagen itte. So la me oss som slakt på hotell rommet og såg på tv frem te middag. Itte middagen gjorde me kål på da meste av nødprovianten, og eg klarte å søla chips på heile golvet. So sånn va den kvelden. Og da e faktisk kosligare enn da kanskje høres ut som. E veldig kjekke folk eg reise med, og eg ler ein heil del sammen med dei:)

Onsdagen reiste me te lake Bagoria tidlig om morningen, ein tur me kunne spart oss. For da va tre tima i feil retning, da kosta 150 kroner å komma inn i parken, og da einaste som va og sjå va noken varme kilda…som ikkje va verdt turen. So da va litt nedtur…også med tanke på alle dei timane med kjøring me hadde forann oss. Men om ikkje anna so fekk me sjå masse fin natur på veien..da e noko anna enn me får sjå i Nairobi. På vei te Kisumu hadde me ein liten lunsj stopp, der me stappa i oss litt pomfrites. Begynne å bli ganske lei av frityr stekt mat…og når ein ikkje like kjøtt, og ikkje kan eta kylling so begrense utvalget seg ganske so masse. Og her i landet e jo alt frityr stekt, so ein kjem ikkje unna det. Men da va no ivertfall mat. So va da endo noken tima i bilden før me va fremme i kisumu ca halv seks om kvelden. (Me starta ca ni). I Kisumu skulle plutselig Charles finna eit hotell te oss som hadde basseng, noko han ikkje hadde bestilt. So me va rundt og såg på fira forskjellige hotell før me endte opp med eit som va veldig fint, men veldig dyrt. Noko som i grunnen ikkje va vårt problem, for da va noko han skulle ha fiksa på forhånd, og me hadde sagt at da ikkje va so nøye koss me budde dei fyste nettene so lenge me kunne bu bra og slappa av i Kisumu. Planen va og at me skulle ha full board…men no meinte han at da va so dyrt, og spurde om da va greit at me betalte middagen sjølv. Ettersom alternative va å flytta te eit dårligare hotell so sa me at da va greit…men me va ganske irritert øve at han ikkje hadde fiksa da på forhånd. Men, men, me fakk ein heilt super plass og bu, og middagen kosta ikkje øve 59 krone, so da va overkommelig.

Torsdagen åt me sein frukost, og so slappa me av med bassenget, og solte oss for fyste gong på lenge. Da e beina te Lars eit bevis på:) Eg har og funnet min overmann når da gjelde myggstikk…eg har fått usle 20 myggstikk på turen…mens Lars hadde nærmare 20 berre på ein hånd. ( Randi ønsker og å få med at ho og har 20 myggstikk på ein arm…og ser ut som ein pizza på ryggen. Sånn går da når ho ikkje ligge på rom med meg. Anita derimot som delte rom med meg har ikkje fått eit einaste myggstikk, men har derimot eit heftig vepsestikk på låret. So me har alle våre lidelsa. Eg har jo som kjent rødt hår og fregna…noko randi like å minna meg på :) Bassenget låg rett ved victoria innsjøen, og me kunne sjå flodhesta uten å reisa oss fra solsengen. Og når me reiste oss so va da får å delta i lars sin synkronsvømming opplæring…de kan gleda deko te å sjå showet vårt på video når me kjem tebake:)
I fira tie begynnte da å skya øve, og me gjekk for å dusja og ringte Charles som hadde lova å ta oss med ut på lunsj. Me va i utgangs punktet ikkje so gira på å henga so masse med han, men da blei kjekkare enn forventa. Han og Jimmy tok oss med te kaien der båtane kjem inn når dei har fanga fisk. Der stod me og såg på flodhesta, og båtberging mens fersk fisk blei laga klar te oss. Me fekk fritystekt (selfølgelig) fisk med chapati og salat. Og alt skulle etast med fingrane…e kjekt å besøka litt sånne lokale plassa..og maten va berre kjempegod. Ittepå kjørte me nett innom byen for å handla litt på eit supermarked. Der me parkerte stod da ein liten gategutt og sniffa lim. Han tigga ikkje av oss, berre helste ”hello mzungo”. Me spurte Charles om han kunne spørra han om da va noko han ville ha på butikken. Lur som han va sa charles at dersom han ga fra seg limflasken so kunne me kjøpa noko te han. Da han ville ha var mjelk og brød. Men inne på butikken va da so masse anna me hadde lyst å kjøpa te han…so te slutt kjøpe me ein sekk so me fylte me med brød, mjelk, tannkrem, tannkost, tyggis, kjeks, skrivebok og kulepenn. Eg kjem aldri te å glømma fjeset på den ungen når han skjønte at sekken med alt detta va te han. Fekk heilt tåra i augene når me kjørte…og han smilte og vinka og viste stolt fram sekken te dei andre som stod rundt han. Tenk at da kosta oss so lite…og at da betydde so masse for han. Skulle so gjerne ha gjort noko meir, og vist alle desse gatebarna at dei e verdi fulle, og har mange ressurser!
Tebake på hotellet satt me oss i vannkanten mens da mørkna…men te slutt blei eg so nærvøs (tydligvis berre eg som har fått med meg at flodhest e verdens farligaste dyr), so me flytta oss opp te bassenget. Eg va litt små dårlig so eg gjekk og la meg ganske snart, mens dei andre satt og venta på at flodhestene skulle komma for å gressa i mørket. Men dei satt der te ingen nytte, og dei turde ikkje heilt å flytta seg øve te andre sio itte ein som jobba der sa at da va ikkje da tryggaste dei gjorde. Men me har no sett dei på lang avstand om ikkje anna!

I dag (fredag) va me klar te avreisa klokko åtta, og då skulle me væra framme i Nairobi ca 2 pm. Og da hadde me og vore dersom ikkje alle Kenyanere hadde hatt so voldsomt travelt med å komma seg fram i trafikken. Da e rart da dar…dei har jo alltid som god tid når da gjelde å rekka avtala og lignande (jfr. African time), men når da gjelde å stå i kø i trafikken eige dei ikkje tålmodighet. Og dei skjønne heller ikkje at dersom alle drive å kjøre forbi kvarandre på elle mulige sider, so går da te slutt gale. Og akkurat da gjorde da i dag…på ein strekning der dei drive med vei arbeid, og da ikkje e plass te meir enn to bila i bredden fekk dei plutselig for seg at dei skulle laga firefelts, og helt begge veia samtidig. Da kan virkelig ikkje forklarast kossen kaos da blei. Og dersom ferjebilletør anita hadde fått ordna opp i kø systemet so e eg sikker på at da hadde ordna seg. Men ken vil vel høra på ein lite mzungo, som att på til e jenta. So da va vel lika greit at me holdt oss i bilen. Da va ingen som hadde kræsja eller noko ulykke av noko slag. Korken hadde rett og slett oppstått fordi alle trailera ønske å komma seg fortast mulig fram, og kjøre for mange i bredden. Og so følge dei andre itte, og so e da plutselig ikkje meir plass igjen, og då e da full stopp. Og då finne alle ut at dei ska snu.Og når lastebila og bussa ska begynna å snu, på ein plass der da allerede e kork…so e da berre Karibo Kenya på høgt nivå!!! Men te slutt valgte også me å snu, og me kjørte øve noko veisperringa, og inn på den veien dei helde på å fiksa. Ein liten stund trudde me at me hadde funnet løsningen…men itte eit lite stykke va da full stopp og der. Då va da ikkje so masse igjen av tålmodigheten min…og ivertfall når korken oppstår berre fordi at folk ikkje eige kø kultur,og ikkje skjønne at alle ikkje kan kjøra øve ei lita bru på ein gong. Men itte møkje om og menn (og noken tima i kø), so kom me oss fremst i køen og fekk sjå på kenyanere som prøve å løsa eit problem i action (bildet). Da e ein artig opplevelse…og ivertfall når me seinare oppdaga at køen va jo absolutt ikkje lang endre veien…so viss alle hadde rygga ein meter so hadde alt ordna seg. Men me kom oss te slutt ut av køen…og eg tvile ikkje på at noken fremdeles står igjen der oppe. Itte nok 2 tima på humpete veia va me endelig fremme i Nairobi, og me sa farvel te den koslige sjåføen vår. No va da berre te å henta nøkkelen, som Elisabeth hadde lagt igjen i resepsjonen. Men no hadde da seg selfølgelig sånn at resepsjonisten plutselig hadde fått for seg at han skulle bort på butikken å handla…so me måtte venta endo ein halv time før me kom oss inn i vårt kjære hjem. Kvelden blei jo ultimat når me bestilte pizza te oss sultne sjeler, og når me fekk den so viste da seg at da va to små lusne ein manns pizza. So sånn har denna dagen vore. Og sjøl om da høres ganske kjipt ut so e da jo ein opplevelse alt sammen….og eg har i grunnen hatt ein veldig kjekk tur sjølv om ikkje alt gjekk som planlagt. Og eg glede meg te å slappa av i måro, og viss eg e heldig so e da kanskje sol og:)

Glømte forresten å fortella at på vei heim i dag valgte dei plutselig å stoppa midt oppå fjellet for å kjøpa poetete og levande høne, so dei prakka inn i bagasje rommet. Når me begynnte å prata om bird flue so lo dei berre av oss, og meinte at den kom ikkje te å komma te Kenya, for då må den øve sjøen. Veit ikkje heilt om dei har fått med seg at fugla kan fly…? So innimellom på dei værste humpane hørte me kakling frå bakerste benk…og ittekvart bytta sweethearts i baksete plass med kenyanerne som på død og liv skulle ha desse høenene med seg. Trur kanskje dei skjønte då at me egentlig e oppriktig bekymra. Men eg trur no egentli at da ska gå greit:)

0 kommentarer: