THOUSANDS OF FREE BLOGGER TEMPLATES

lørdag, april 01, 2006

sawa sawa


Mark som eg jobbe med paa FY, og som e med i veve shanty! Kul fyr!!

Elisabeth 23 aar!!

Då va da lørdag igjen…og eg har sete heile dagen og skrevet oppgava:( Men no begynne da heldigvis å nærma seg slutten, so da e godt. Trudde eg skulle få masse tid te å skriva på oppgaven på jobben denne veko, men sånn gjekk da ikkje. Nesten alle andre på kontorene va på workshop, so Anita og eg styrte Youth office. Og da gjekk overraskande bra..og me har hatt masse å gjera.

Mandag: Me va på kontoret stort sett heila dagen, men da kom stadig folk innom. Noken for å få hjelp til ett elle anna, og andre berre for å prata med oss. Blei ikkje den mest effektive dagen, men me fekk prata med ein del folk og da e jo alltid kjekt. På ittemiddagen va eg på internett og fekk prata med masse folk…med web kamera. Da va veldig kjekt!! Randi har kjøpt to sesonga av Lost…so no e da helst da me gjere på om kveldane. Men noko må me jo ta oss te når da e mørkt og me ikkje kan gå ut!

Tirsdag: Mark som eg jobbe sammen med på Facinating Youth kom og henta Anita og meg. Me skulle møta Veve Shanty som e gruppo deirans. (Har kjøpt cd med musikk video som de ska få sjå når eg kjem heim…KULT!!) Me blei sittande lenge og prata med dei, og da e dei fyste folkene me faktisk har matcha på humor med. Da e ikkje so mange av dei afrikanerene eg har møtt te no som har forstått humoren vår noko særlig..men med dei va da berre kjempekult. Me fekk og komma heim te Mark, der me fekk møta ungen hans Christian og kjæresten igjen. Da va veldig kjekt. Itte lunsj va da facinating youth igjen, der me øve for harde livet til påske opptreden. Ungane skal dansa, synga, lesa dikt og ha mote show. Trur da blir veldig bra:) Itte jobb reiste me te Le Rustiqe, der me skullemøta Marianne og eta middag for å feira bursdagen te Elisabeth. Har hørt masse bra om denne plassen, men blei litt skuffa. Da va dyrt, og grei nok mat. Men da blir nok ingen gjengangar. Om kvelden reiste me heim og åt is med nonstop og peanøtter..nam:) Og so satt me berre og prata.

Onsdag: Stod opp klokko kvart på seks for å laga bursdags frukost te Elisabeth…og fekk i samme slengen med meg ein kjempefin sol oppgang. Marianne hadde overnatta hos oss, og sammen gjekk me inn og vekte elisabeth med sang og ballonga. Og so gav med ho eit smykke som ho hadde ønska seg lenge…Då blei ho glad:) Itte ein lang og god frukost satt me oss oi bilen for nok ein gong å sitta i kø i ca ein time på vei te jobb. E som regel alltid sånn…so da blir lange daga. På jobben satt eg på kontoret og prata med alle som kom innom frem te lunsj. Me gjekk på Mpambe og åt lunsj (ris og skumawiki), og itte lunsj va da facinating youth igjen. Øve kvar dag no, for å bli ferdige te påsken. Eg e ikkje heilt fornøgd med fremgangsmåten noken bruke for å plukka ut unga til dei forskjellige aktivitetene. Heile poenget med FY e jo at me ska øka sjølvtilliten deirans, og at dei skal ha da moro. Men når jentene som har ansvar for danse delen skal plukka ut unga, so må alle ungane opp og dansa, og so plukke dei ut dei beste og resten får ikkje vera med. Og då vil jo eg sei at gruppen virke litt mot sin hensikt. Eg tok det opp med Sally på veiledning, og ho var heilt enig. Men sa at eg måtte ikkje ta det opp sjølv, for då vil dei ta da som kritikk. Og da e ikkje vanlig å gje kritikk her i Kenya. So ho skulle ta da opp med dei sjølv. Ganske frustrerande når eg ikkje kan sei ka eg meine!! Jaja, da e jo ein del av kulturen eg må venna meg te.
Itte jobb reiste me på kina resturanten og åt middag. Begynne faktisk å bli litt lei av kina mat no…hadde eg aldri trudd!

Torsdag: På formiddagen va Anita og eg og besøkte ein skule der noken av studentane til Anita går, og ho hadde oppfølgings samtale. Itte lunsj va da FY igjen, men me kom so seint tebake at eg rakk ikkje å vera med på da. So då gjekk eg bort for å vera med på coffe bar. Ukens tema va koffor unge menn og kvinner blir sammen med eldre menn og kvinner. Da va ein hefitg diskusjon, og de nølte ikkje med å ta opp tema som impotens og sex. Trudde kanskje at da va litt tabu..men eg trur da e meir tabu i Norge enn da e her. Men da va ein interessant diskusjon, og da e so kjekt å sjå kor engasjerte og veltalte ungdommane e. Klokko va blitt halv sju når me satt oss i bilen for å kjøra heim, og me va vel ikkje heima før halv åtta. Då va eg berre kjempesliten…øve tolv tima på jobb e meir enn nok!

Fredag: Me valgte å jobba fredagen, for å kunne ta oss fri mandagen istadenfor. Joseph va innom itte gammalt, og eg prata masse med han. Han va og so snill at han fulgte oss te ein skule der Anita og eg skulle for å betala noko skulepenga. E litt stress når me alltid må finna noken som kan vera med oss berre me ska utenfor porten på senteret. Men me har fått streng beskjed om at me ikkje ska gå aleina, og at da ikkje e trygt. So då må me vel høra på da, sjølv om eg ikkje føla at da e so farlig! På veien møtte me fleire kjentfolk, og me lovde å komma innom ein tur på veien tebake. Me gjekk inn Karega, og der satt jo masse kjentfolk. Mange av dei bur sammen, og da va arti å møta alle på samme plass. Og dei fortalte at da va der dei pleide å henga, so me va hjertelig velkommen når som helst. Og so sku me avtale og so sku dei laga lunsj te oss ein dag. Noko afrikansk mat me ikkje har smakt før..so da kan jo bli spenande:) Tabake på senteret va da FY itte lunsj…og so hadde me på FY møte der planla ein utflukt me ska ha med ungane på FY te Mamba village. So da glede eg meg te:) So reiste me heim. Om kvelden øvde me på sanga som me ska synga på prayer day på fredag. Då stenge dei jeile skulen og kontorene for å reisa ein plass og bruka heile dagen te å takka og be te Gud. Da e ganske annerledes fra heima, og for meg som ikkje like å be høgt so e da ein stor utfordring. Men me har sagt te pastoren at me gjerne vil sleppa å be, men at me kan synga istadenfor. So no har me øvd fleire norske folketona og bedehussanga som me ska bidra med.

Lørdag: I dag har eg som sagt skreve oppgava heile dagen, og no ske eg ein tur bort på yaya senteret og kjøpa kaffe og gå på internett. Resten av helge går vel stort med på skriving, og forhåpentligvis so blir da litt sol og, so eg kan få litt sol på kroppen itte gammalt. Regn tiden e ikkje ferdig endo nei!!

God helg alle sammen!

1 kommentarer:

Sindre aka Sid sa...

heyhey!
utroli så mye som skjer der nede på en uke ass! :)
no e eg nettopp kommet hjem fra india, der det var utroli morro, men der alle søtten fikk minst en dag med "akutte mageproblemer", så eg e spent på maten i kenya..?! :)
klem sindre