THOUSANDS OF FREE BLOGGER TEMPLATES

onsdag, mars 15, 2006

Will you buy for me one?


Paa vei fraa jobb!

Da va da Frances spurte oss om då me skulle bort og kjøpa chapati i stad te lunsj. Da seie kanskje litt om kossen setningsoppbygningen e i Swahili. Viss du for eksempel ska sei : A big house. So vil da i swahili bli a house big = Kubwa nyumba. So eg slite litt med rettskrivingen kan du sei. E lika frustrerande kvar gong eg prøve å setta sammen ein setning…e vel so og sei aldri riktig. Da kan vel sammenlignast med innvandrer norsk tenke eg:) Men da e jo bedre enn ingen norsk/swahili! Da som e litt kjipern e at sjølv om me lære oss swahili so vil me ikkje forstå so masse av da dei seie i slummen, fordi dei snakke cheng. Cheng e ein blanding av engelsk og swahili. For eksempel 20 shilling vil i swahili bli Ishirini shillingi, men på cheng seie de berre blue. Fordi før var 20 shilling seddelen blå. So da e masse å læra ja:)

EG må fortella om den gode opplevelsen eg hadde med facinating youth i går. Eg trur eg skreiv tidligare om kor vanskelig da va å holda styr på 40 unga, som har store problema med å konsentrera seg. Hadde lite håp om å klara å finna på eit program som ville klara å holda dei rolig. Men eg måtte jo prøva, og ikkje forventa at dei som ska hjelpa meg møte opp. So i går, med hjelp frå læraren, begynnte me med å synga noken songa med bevegelse, for eksempel hode skulder, kne og tå på swahili…arti:) Og ungane lærte meg ein song te på swahili. So lagde me regla sammen med ungane om ka som gjelde på møtane. For eksempel at alle må vera stille når noken snakke, og da e ikkje lov å springa eller sloss inne. So delte eg ut ark og fargeblyanta og forklarte at dei skulle tegna ein fremtidsdrøm, for eksempel huset dei ønske å bu. Og so satt eg på rolig musikk. Og eg va heilt imponert. Dei satt stille og konsetrerte seg i øve ein time. Va kjempe arti. Og dei viste stolt fram tegningane te meg ittepå:) Te slutt avslutta eg med å ta opprop, og når dei blei ropt opp kom dei te meg, og me holdt hendene og danna te slutt ein stor sirkel. Og so ba eg alle om å lukka augene, og so sang eg velsignelsen for dei på norsk. Og da va heilt stille i klasserommet. Og da ska noko te…da va virkelig ein fin opplevelse. Føle at eg virkelig fikk gjort noko nyttig, og at ungane stole på meg meir og meir. Mange av ungane har opplevd masse vondt, og mange e foreldreløse, so da e eit skall ein må gjennom for å få tiltro hos ungane. Men eg trur eg nærme meg:)

Ellers har da vore ei bra veka. Eg har masse å gjera, og når eg ikkje har noko spesielt so e da egentli ganske deilig. Og so e da ein veldig løs stemning på kontoret, og folk tulle og spøke med oss meir og meir. So da e sånn at da e kjekt å komma på jobb og sitta på kontoret. Og i og med at dei ikkje har so mange kontor her so putte de mange folk inn på eit kontor. På vårt kontor e me seks stykke med fira pulta. Men da e berre kosli. Jo flere jo bedre:)

No sitte eg og vente på at noken som me har avtalt med skal komma og ta oss med te Kiambuyo…men eg føle meg ikkje øvebevist om at dei kjem te å komma. Men dei har ofte gode unskyldninga..ikkje som i Norge. På lørdag va Anita og eg på st.johns for å møta noken som ville ha oss med å sjå på ein fotball turnering. Me ofra masse av fridagen vår på detta, og va ganske irriterte når me hadde vore der i 1 og ein halv time og dei va fremdeles ikkje komt. Men på mandagen når me kom på jobb fekk me veta at han som skulle komma og henta oss va blitt arrestert på veien te senteret.Da va fø da han sprang fordi han va seint ute for å møta oss. Og der han sprang va da nettopp noken som va blitt robba. I og med at han sprang so tenkte politiet at da måtte vera han, so då måtte han sitta i fengsel noken tima. Unskyldning godtatt! Nok engang, frustrerande når ein ikkje kan stola på politiet!! Og so finne me stadig ut at dei som me kjenne som ungdomma e både far og mann til noken. På lørdag når han som skulle henta oss aldri kom gjekk me for å ta ein matato heim. På veien møtte me noken me kjenne fra senteret, og han eine spurte om me ville besøka heimen hans. Det ville me jo selfølgelig. Han som me skulle besøka er sammen med meg på facinating youth, og er vel ca like gammel som meg. Då me kom heim te han viste det seg at han er gift, og har en unge på to og ein halv mnd. Denne ungen har vist vore masse sjuk, og inn og ut av sjukehus. Då skjønte eg plutselig koffø han ofte kjem litt seinare. Og ka ansvar han har heima. Og det var ein absolutt nydelig gutt han hadde…skulle gjerne tatt han med meg heim:) Men det va ivertfall eit veldig kosli besøk! Og me lære stadig folk bedre å kjenna!

No blei da jammen ein lang mail i dag og…va egentlig ikke meininge. Men eg håpe da e litt interessant å lesa! Og eg blir veldig glad for kommentara på bloggen. Trenge ikkje vera noko masse. Da e berre te å trykka der det står Comments under det innlegget du vil kommentere. Og so kan du legge inn ein hilsen elle kommentar til meg.

1 kommentarer:

Sindre aka Sid sa...

hei sis!
Trokje du skal uroe deg for at bloggene e for lange, e sinnsykt interresant å lese! Keep up the good work! Klem sindre