No har da virkelig vore dårlig med oppdatering i da sista, og eg beklage so masse. Har fylt dagane den siste tiden te randen, so da har ikkje vore eit ledig minutt. Og no har eg fått besøk av min kjære familie, so dagane e travle.
Men for å oppsummera kort so har dei siste vekene gått med te å avslutta ting på jobben, henga med folk som me e blitt so glad i, og forbereda seg på å reisa heim. Både Randi og Anita har reist heim, og Elisath e på ferie med veninner. Da e litt rart å vera igjen her aleina, men eg e glad for at eg e den siste som ska reisa. Følte meg ikkje klar for å reisa når dei andre for heim. Og eg har fått gjort masse kjekt dei siste dagane. Men no begynne eg itte kvart å lengta litt heim, og da e jo kjekt å kjenna.
Det største høgdepunktet den siste tiden va på laurdag. Då va eg plutselig blitt aleina i leiligheten. Anita reiste fredag morning, og Elisabeth reiste laurdag morning. Og eg hadde avtalt å møta Tottie, Mkwach, Benja, Joseph, Walter, Elijah og transform team i byn for å reisa te Kibera for å sjå miss og mister kibera. Va litt rart å ta matato aleina, og gå rundt i byn aleina. Men da tok ikkje lange tiden før Tottie kom. Og itte ein del venting kom resten av gjengen og. Me reiste te Kibera, der me selfølgelig måtte venta noken tima før showet kom i gang. Va greit nok, men da e jo litt Karibo Kenya faktor på lyd annlegg og scene osv. Men me fekk no ivertfall hilst på miss Kenya..noko gutane satte stor pris på:) Men da blei litt langdrygt i lengden, so då reiste me heile gjengen te yaya senteret for å handla litt, og so heim te meg. Og so fekk alle sammen bruka bassenget. Og da va ganske spesielt å bada sammen med 25 årige guta som ikkje kan svømma. Heima e da liksom ein selfølge at alle kan svømma..men her e da vel heller sjeldent. So me hadde litt svømme trening…og lo ein heil del. Eg va ikkje heilt frisk, so eg va ikkje uti so lenge. Men gutane blei der uti te dei va blå på leppene, og nesten frosne. Men dei storkoste seg ivertfall. Og ittepå laga me middag te heile gjengen, og berre prata og kosa oss resten av kvelden. Va kjempekosli…og guttane har takka meg opp og i mente for den kjekke kvelden. Og eg e veldig glad for at dei kunne få komma her, og bada og ha da kjekt ein kveld før eg reise heim:) Va ein vellykka dag:)
Mamma, mormor og morfar kom søndag morning , og da va virkelig kjekt å sjå dei igjen:) Og no e me turista i Nairobi, med alt da innhelde. Har vore på masai marked, trødd rundt i byn, lagt med bassenget og i dag har me vore i slummen. Og da e no eg merke at eg har vore her ein stund og vent meg til ting som for dei e rart og fremmed. Eit eksempel e jo plassen me har ete lunsj i 5 mnd, og som eg syns e heilt greit. Mens mine kjære slektningen va ganske so skeptiske te å eta noko som helst på den plassen. Men eg klarte no å lura dei te slutt…og dei har ikkje fått dei store mage problemane endo. (Får berre håpa da helde seg sånn:)
På fredag kjem resten av gjengen (pappa, markus, sindre og ida), og då blir da endo meir turist aktiviteta tenke eg. Og so e da for meg å pakka og reisa heim. Blir trist, men godt og. Glede meg te å kunne gå ut aleina itte da e mørkt!!!
I kveld ska me berre slappa av her, og sjå sverige-england….blir greit:) No snakkast me snart alle sammen!!!
onsdag, juni 21, 2006
Berre 10 daga igjen!!
Lagt inn av Marte kl. 4:39 p.m.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar