THOUSANDS OF FREE BLOGGER TEMPLATES

onsdag, mai 24, 2006

Atter ein oppsummering

E litt usikker på kor lenge da e sio eg oppdaterte sio mi sist…so eg gamble på at da som kjem no ikkje e gammalt nytt.

No ligge eg i hytto i mombasa…men for å ha litt orden her so velge eg å ha eit eget innlegg om turen te mombasa!

Da har jo blitt ein del eksamens skriving i da sista, i og med at me skulle te mombasa den veko eksamen ska vera ferdig. Sist veka va da ikkje so mange daga på jobb, i og med at da va veiledning og litt forskjellig. So da e begrensa kor masse eg får gjort dar fø tie. Men har ivertfall komt i gang med litter bin prosjektet på FY..noko eg trur blir veldig bra. På fredag va eg som vanlig på salsa, og so va da ned te byn for å fiksa ein heil del ting. Lizzy og eg va atter ein gong på immigrasjons kontoret..denne gongen for å få pupils pass. Men da va jo selfølgelig ikkje so enkelt. Dei måtte ha fleire kopia av passet, og stengte snart te lunsj..so me måtte komma tebake seinare. So då gjekk me i banken for å stå i ein lang kø. Og deretter betala depositum på hyttene me ska bu på i mombasa. So va me på Dormans og åt lunsj og møttr Charles som skulle fiksa noko tur for Lizzy og venininne ho får på besøk i juni. So va da tebake på immigrasjons kontoret der me fekk beskjed om at me måtte komma tebake om ei veka, og betala 2000 shilling for å få dei dumme student bevisene. Trur aldri me kjem te å henta dei bevisene…kjem jo ikkje te å få brukt dei før me reise uansett!! Tebake i leiligheten va klokko allerede blitt mørkt (med andre ord øve hal sju), og me fiksa oss for kvelden, Sånn i 9 tie møtte me Salsa Mike og Vinnie på K1. Der Vinnie fekk bevisa at han har andre lidenskapa enn salsa..nemlig biljard. Va ganske so flink ja:) So me hadde ein veldig kjekk kveld…dessverre va Lizzy dårlig..so ho låg heima på sofaen. Klokko va vel nærmare 3 når me va heima…vellykka kveld.

Laurdagen gjekk med te salsa (selfølgelig)..atter ein tur på dormans, og litt oppgave skriving. Om kvelden bestemte me oss for å prøva ut ein ny plass, so me reiste på Clubsound sammen med Mike, Vinnie og Charles. Da va eigentlig ein ganske grei plass, og dei spelte masse kul musikk. Men so plutselig va da noko som skjedde med Djen …og so va techno for alle penga. Ikkje spesielt bra nei. So då gjekk me på Florida (ja..strippeplassen), og denne gongen va da berre kjempekult. Me hadde virkelig tatt feil av den plassen. Denne gongen va da stappa fullt med masse forksjellige folk, og masse bra musikk..og ingen strippera:) So me dansa og hadde da kjempekult…faktisk so kjekt at me glømte heilt klokko. Og når me bestilte taxi heim va klokko allrede halv seks om morningen. Va litt små sliten morningen itte ja:)

Søndagen va da oppgave skrivinga…og selfølgelig ein litt for lang kaffepause på Dormans. Kjem virkelig te å savna alle desse gode samtalane med Anita på Dormans. E kjempe koslig!! Men fekk ivertfall blitt nesten ferdig med eksamen.

Mandagen va Anita og eg heima frå jobb for å fullføra eksamen. Me har begge to ganske mange arbeids daga te gode…so da va ikkje noko problem. Om morningen va me på salsa.. og da e ikkje noko i veien med salsa kunnskapane te Anita:)

0 kommentarer: