
Då va da torsdag igjen!
No e da torsdag kveld, og i måro har me lesedag. So då va da helg igjen. Syns da går so utruli fort. Rart at me har vore her i tre veke allerede. Men på ei anna sio so virke da som om me har vå her kjempelenge, fø da har skjedd so masse spennande og nytt. Den fyste veko på youth program har vore prega av møkje informasjon, og ein del venting. Men igjen…da e vel noko me må venna oss te. African time e eit faktum, og blir praktisert av dei aller fleste. Heldigvis e ikkje sjåføren vår ein av dei..so han e alltid presis. Og han e kjempekosli, blir alltid godt humør når han ønske oss ein ”supa day”:)
Dei to siste dagane har me blitt overfalt av ein gjeng med unga som henge på st. johns. Men da e berre kjekt, og me prøve å kommunisera med dei få swahili ordene me kan. Har lagt inn bilde av Monica og maggie som to av dei heite. To kjempesøte jente, som elske å ta på den kvite huden vår, og dilla med håret:)
I dag møtte me ei gruppa med ungdomma som kalle seg women of hope. Da e jente frå ti te 18 år som alle e gatebarn, og søve på doane rundt i slummen. Dei va alle so tøffe at eg ikkje heilt viste ka eg sku sei. Men eg veit jo at da berre e eit skall, dei e jo berre barna. Og dessverre har mange av dei sjøl barn. Da e virkelig tragisk. Og so ser de so små ut alle sammen. Fordi dei sniffe lim heile dagen, og da stoppe veksten. So dei som e seksten ser ut som dei e tolv. Dei spurde oss om me kunne kjøpa nye kle te dei, og sponsa ei akrobatgruppa som dei vil starta. Blei so tatt på senge, og følte meg ikkje noko bra når eg sa at eg ikkje kunne svara no, men kanskje seinare. Men me har fått klar beskjed om at dersom me vil sponsa, so bør da vera gjennom st. johns. Men kossen seie ein nei til eit spørsmål om nye sko, når du veit at da berre vil kosta deg 30 kroner…Og for dette barnet vil da gjera ein stor forskjell?
Da e godt da e helg so eg kan fordøya litt inntrykk frå veko som e gått. I måro ska me på den norske ambassaden og melda vår annkomst. Og so ska me på kino for første gang her i Nairobi. Da e synd å sei da, men da ska bli godt å få tenka på noko heilt anna enn alle dei triste skjebnane ei lita stund.
Eg ønske deko alle ein god helg!!
P.S…No har eg endelig kjøpt meg myggnetting, so kanskje eg sleppe å våkna opp om natten av at eg klør som ein gal øve heile kroppen. Da hadde vore heilt greit!!
lørdag, februar 04, 2006
Lagt inn av Marte kl. 7:33 a.m.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar