THOUSANDS OF FREE BLOGGER TEMPLATES

tirsdag, juni 07, 2005

Ekstremsport

Va ein snartur nerom majorstua før eg sku sykla på jobb i går...og da endte med sår på knena og hendene. Sku kryssa veien før majorstua krysset, og måtte då øve ein av desse livsfarlige trikkeskinnene. Da endte med tryning øve sykkelen midt i veien. Tippe da såg bra ut:) Men da gjekk no greit, va heldigvis ingen bila bak meg. Litt skrubbsår må ein jo tåla når ein drive med slik ekstremsport.

Ellers so har eg hatt ein veldi fin helg. På lørdag va tormod og eg heima hos meg og spiste pai og såg forballkampen...som va heller lite underholdande. Norge va faktisk best..men da hjelpe ikkje når da ikkje resultere i mål.

Supersøndag med sein frukost. I ett tie kom me oss ut i da deilige veret. Hadde ein hus sightseeing opp mot holmenkollen. Drømma litt:) So reiste me ned på Aker brygge og kjøpte soft is. Der va da masse arrangement i sammenheng med 100 års feiringen. Og me stilte oss i kø for å få ve med på tur med militærbåt, men rett før da va vår tur sa dei at da ikkje va tid te fleire tura. Va kjipern. Då tok me turen opp på festningen, og dar skulle akkurat P3session begynna, so me fant oss noken digg plassa og fekk gratis konsert med magnet og big bang. Eit band som heite alfaett elle anna...vertfall ikkje min smak. Men da va stas med gratis konsert:) I åtta tie kjørte me opp te john olav og rannveig der me fekk heimelaga blomkålsuppa....DIGG. Og so fekk eg ein skål med jelly beans....og då va eg fornøgd:) Ein kjempefin dag!

No sitte eg og vente på at klokko blir so masse at eg kan laga middag før eg reise på jobb. Kjipern å ha seinvakt asso. Itte eg har trent, so e da ikkje so masse kjekt å gjera. Men,men...siste seinvakt denne veko:)

Må alle ha ein fin dag!!

0 kommentarer: