Ja no har me hatt ei kjempefin langhelg med to konfirmasjona, og besøk te venna. Helge begynnte med ein kjempefin tur øve viddo i solskinn...og me såg atter ein gong kor vakker hardanger e om våren. Sett bort frå litt lause hjul, so gjekk bilen so ei kula:) Me hadde ein liten pitstopp på gol, men dar va da kaldt og ufyselig, so me kom oss fort vidare. So va da heim og sova før markus sin store dag
Torsdagen va da selfølgelig grått og kaldt, og da blei ein innekonf...men da gjekk supert da og. Og Markus va kjempefornøgd med både racer og utstyr...og då va me og fornøgd:) Ellers klarte han å komma seg opp mittgangen uten fall, og blei konfirmert på skikkelig vis:) So va da middag, med fine tala frå mange partar, med masse fine ord om vår kjære bror. Og eg trur nok han var svært fornøgd med dagen, sjøl om den blei avslutta med at brann tapte mot bodø glimt. Men 14000 rikare + ein sykkel og branndrakta va da vel greit likavel:)
På fredagen va da bergenstur, og eg va på haukeland og sjekka foten min. Den såg grei ut den, men eg får visst ikkje ta ut stangen som vistnok ska ve der for alltid. So lenge da ikkje gjere vondt so får da vel ve greit. Ittepå va me ein tur te byn, og ida fekk bruka litt penga. Kjøpte seg ei kjempefin linbuksa. So va da besøk te torild som hadde baka kake og bolla...og da like me jo:) Itte noken tima dar tok me turen te askøy. Der traff me råneIngeborg på yxen. Me handla mat og reiste te ingeborg og lagde taco. Og so va da idol...der desverre erik gjekk ut...den einaste verdige vinnaren som va igjen.Men,men...då blir da nok Jorunn ja. Med fare for sinte maila, so må eg sei at ho e ikkje so verst ho heller.
Lørdagen va me i Grovve og brukte litt penga på cubus...greit å ha ein bror som jobbe dar:) Og so va me hos Karina og dei, og Tormod prøvde å smiska te seg noken smil hos Tommy. Da va taco te kvelds denne dagen og...men da e jo ikkje da versta ein kan få:)
På søndagen va me i konf te søskenbarnet te Tormod på Ølve. Og egmå ærlig innrømma at dar har eg aldri vore før...nesten litt flaut. Men da va virkelig vakker natur utøve, og eg glede meg te å ta ein sykkeltur ut gjennom fjorden. Da va ein fin konf..med masse god mat. Fint ver va da og, og me slikka sol på altanen. Jørund som konfirmanten heite var fornøgd med dagen, og då va da vel ein vellykka fest:)
Mandagen va da rydding og pakking før me satte kursen for Oslo. Og me va faktisk so heldig at da va greit ver denne dagen og, sjøl om me kjørte mot dårligere ver. No va foten litt bedre..so eg fekk kjørt eit stykke eg og, går litt fortare då. Me va heima i 7 tie, og rakk heldigvis siste del av livet på saltôn...skikkelig kosli serie:)
I dag e da kvardag igjen...noko som e litt kjedelig når eg ikkje kan jobba. Men eg har fått lest litt, og so tenkte eg å ta meg noken runda i bassenget på Domus, siden da e stort sett den treninge eg får lov te. Og so må eg heim og laga fiskebolla te Tormod når han e ferdi på jobb:) Ha ein fin dag!
tirsdag, mai 10, 2005
fornøgd konfirmant:)
Lagt inn av Marte kl. 1:36 p.m.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar